2 av 3 på UKM frå Jøsneset


Torsdag kveld var det UKM-mønstring (UngKulturMøtes) på Samfunnshuset på Hjelmeland. Det var kun 3 deltakarar, og 2 av dei var frå Jøsneset. Sebastian Altamirano og Ida Sværen Oaland stilde i kvar sin kategori – gitar og foto. Dermed «konkurrerte» dei ikkje mot kvarandre. Ida gjekk vidare med sin fotoutstilling, m.a av trær, blomar og ikkje minst: BobbyBøenwink. bravo!  Innan kategori sceneopptreden blei det ei verre nøtt for juryen:  Sebastian  imponerte stort med sin el-gitarsolo, og juryen skildrar han som uhyre dyktig. Likevel blei han «slått» av ei ung/frisk dansar Polaire Bie Djeba som ifølge juryen leverte «eit fyrverkeri av ein dans». Flott innsats av alle 3 – her gror talenta – me ønsker alle lykke til vidare !


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.