Fem i boks !

Triveleg julekakebakekveld på skulekjøkkenet – her var prinsippet å ha med 1 eigen deig – og kome heim med 5 sorter i boks ! Det funka bra – i år som i fjor. Altiboxbaksten er unnagjort!

Skravla gjekk lystig og brune kuler, nissar og dinosaurar og røde hjerter blei trylla fram på brett etter brett – tyske skiver, pepperkaker og peppernøtter, bringebærhjerter og kokosboller stod på menyen. Kaffe blei kokt og drukke, medan pratinga,  knaskinga og smakinga blei meir og meir intens ettersom baksten kom varm og dampande ut av ovnane !  Men kjekkast av alt: fordelinga i 5 x 5 boksar til slutt 🙂

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.