Har du lyst å bli med å lage nyttårsfest?

Me i bulystgruppa har lyst å gjenta den vellykka nyttårsfesten 2014/2015. Dette var relativt enkelt å stelle istand; for opplegget var at kvar familie tar med sine matfat – dermed fekk me eit fantastisk og uforgløymeleg matbord !! Jobben til komiteen blir å sende ut invitasjon, ta påmeldingar, handle inn litt fellesting og pynte lokalet. Har du lyst å bli med på det, er det KJEMPEFLOTT ! Meld di interesse til Odd Fosså i Bygdarådet bygdaradet@josneset.no eller 977 05 273.       Me ønskjer at dette skal vere eit tilbod for ALLE i bygda; barn, ungdom, vaksne, eldre, familiar/einslege/par eller tilreisande gjester.  Så nå er det spenande om me klarar å toppe deltakinga frå sist 🙂 det håpar me ! Lurer du på korleis det var sist – det kan du lese om HER


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.