Velkommen til Kalvagaren

Ta gjerne ein sommartur til den flotte gapahuken «Kalvagaren» – solid og vakker der den ligg ved Fosstemmen. Dette er eit populært turmål på Jøsneset

I gapahuken er det bålpanne til grilling og bord/benker både ute og inne – ta med litt grillkol og grillmat, så kan du ha middagsselskap her. Kaffekjel er på plassen og vatn i bekken – ta med ein kaffepose, så blir det kaffekos også. Fint å bade her og naturdusj i nedanfor demningen.

Utanfor gapahuken ligg to kanoar; «Kalven» og «Kvigå» – desse er til fritt utlån heile sommaren. Ta med redningsvest og vær forsiktig – og dra de godt på land etterpå og legg årane under/under tak –  men elles kos deg så masse du orkar !

Det er merka turløype til Fosstemmen frå Åsland og Foss. Frå Foss kan ein følgje skogsveg heilt opp, så er du litt sprek eller har godt «skubbe-lag» i motbakkane, så går det fint an å gå opp til Fosstemmen med barnevogn.

Og veit dokke: «Kalvagaren» er òg poplært overnattingstilbod – veldig friluftsaktig på benkene rundt bålet i den halv-opne gapahuken. Allereie har mange av barna/tenåringane i bygda overnatta her denne sesongen !

Reglar som er viktig å følgje er: RYDD fint opp etter deg! Ta med søppel og rot heim!! Ta omsyn til  trær, planter og naturen rundt deg !!

Og igjen: Kos deg så masse du kan 🙂


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.