«….ingen barnehage er som deg» !! Ja, det har bygdefolket sunge taktfast i 17.mai-toget gjennom mange år! Nå har me sunge det òg for siste gong ! Barnehagen blir nå nedlagt fordi det er for få barn i bygda. Men dei 3 jentene som har fullført siste året i barnehagen har gjort det med god stil og har god grunn til å rope HEI HEI HEI…..for dei har vandra sprekt på sti og HEI over stokk og stein i heila bygda dette året – avslutning her på GUNLANUTEN !! Tøffe tøffe Jenter !! …både dei 3 små ..og dei 2 store
Jentene har td vore på Tausanibbå på Herefjellet, dei har gått frå Foss til Bastli via husmannsplassane Sveå og Dokkjå, ja, dei har vore på mange av dei gjengrodde husmannsplassen elles i bygda, og dei har gått frå Eiane til Eiavågen, til Saltjervika i Knutsvik og dei andre strendene i bygda, dei har vore på Håvehammar, Brynå og andre turpostar…….ja det aller aller siste dei gjorde (etter denne turen til Gunlanuten) var topptur til Bandåsen på Ombo !! Tøffe jenter altså!!! Me er sikre på at Unni og Elsa hadde godt lag og gode hender å holda i på alle turar og at «Jøsneset Barnehage HEI HEI HEI» har ljoma i alle krinkelkrokar av bygda vår dette året….slik òg MINNENE vil «ljoma» for dei som har gått der, arbeidd der og hatt barn der !
Tilbake til Gunlanut-turen: Denne gjekk dei ein vakker solskinnsdag i juni – framleis snø undervegs – men slikt er berre gøy!! Vidt utsyn over fjordar og fjell frå bygdas høgaste punkt 829 moh. Gøy var det òg å møte foreldre/besteforeldre og tidlegare tilsette i barnehagen ved Fosstemmen på nedtur. Dette blei den offisielle avslutninga for Jøsneset Barnehage – ute i naturen med god mat !!! Masse god grill-laks sponsa av Marine Harvest og kaker ! Bading og padling og grilling. Barnehagen er offisielt kun «midlertidig» nedlagd – opnar igjen dersom det blir nok barn !!
Vel – folkens – ta ein kikk på bilda: ikkje sant at dette ser ut som verdas beste barnehage!!! – men då treng me altså fleire barn !!!
{gallery}barnehage{/gallery}
Foto: JøsnesetBarnehage – publisert etter avtale
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.