SMASHING DAG PÅ JØSNESET

LØRDAG 25 JULI  blir ein smashing flott dag i Solbygda Jøsneset – Masse aktivitetar frå formiddag til langt på natt for alle aldersgrupper.
Mange gode grunnar til å bli og komme til Jøsneset denne dagen !!

Jøsneset Ungdomslag arrangerer Aktivitetsdag på Skiftun kai kl 12.00 – 16.00 – ingen påmelding – bare moro, leik og underhaldande 5-kamp på sjø og land.
Og me kårar Jøsnesmeister i morellsteinspytting. Sal av grillmat under arrangementet.

Så ein liten pause før det brakar laus frå utescenen på skuleplassen – litt lengre oppe i Skiftudalen: Me får besøk av smashing-stjernekampvinnar NORA!

NORA JABRI-KONSERT 18.30 – Stjernå i NRK Stjernekamp 2014
REIDAR LARSEN – KONSERT 20.30 – Kongen av Blues – 18 års aldersgrense, skjenkeløyve vin/øl
Etter konserten blir det fest.
Salg av grillmat under heile arrangementet.

Det blir satt opp buss t/r Nesvik – tilpassa dei mest aktuelle avgangar med Hjelmelands-ferja.
Også buss til siste ferje 00.45 frå Nesvik til Hjelmeland.
Kun 3km frå RV13, Nesvik
Plass for småbåtar ved Skiftun kai 🙂
Jøsneset ligg på ei solrikt nes MIDT I HJARTA AV RYFYLKE  – lett å nå frå alle kantar 😉

Bilettar er lagt ut på Nauste/Nesvik og Enkelbutikken/Hjelmeland!!  Bilettar kan òg bestillast via sms 977 05 273. Til siste konsert/fest det kjøpast billett innan kl 18.30 same kveld !

Følg med her på vår nettside og vår opne side Jøsneset på Facebook for meir informasjon undervegs ! Meir info? Kontakt bygdaradet@josneset.no

Arrangør: Jøsneset Bygdaråd og Jøsneset Ungdomslag med god hjelp frå Jøsneset Helselag og andre flotte frivillige bygdefolk  !!

Me er overvelda av positivt lokalt næringsliv som sponsar vårt arrangement: Takk og takk !

 

 

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.