Ei utfordring til deg !

 

I postkassane til fastbuande er det nå delt ut ei lita Friluftslivets år-brosjyre ! Det er Kulturkontoret som med dette gir turrelaterte utfordringar til oss alle. Mellom anna å besøke 6 utvalde turpostar i kommunen ila året. Håvehammar er ein av postane – så då kan jo det vere ein enkel, fin start for oss på Jøsneset. Rundløypa til Håvehammar er blitt betre merka/skilta. Og i postkassen på Håvehammar finn de ein bokstav. Det er ein av 6 bokstavar du må samle, som tilsaman skal bli ord – les meir om opplegget i brosjyren.  Veldig kjekt om hyttefolket òg deltar ! Det vil òg bli lagt ut brosjyrar på Naustet på Nesvik. God Tur !


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.