TAKK TIL REVYGJENGEN : Solveig, LIse, Lene, Sven og Silje + Josè og Sebastian på lyd/musikk for ein finfin Fiberrik Aften !!
Ja, for FIBER gjekk som ein rød tråd (?)…..eller kanskje heller som ein «heit kabel» gjennom revyen – som forøvrig var fullspekka av ultralokale humoristiske innslag – alt frå lokale «Mullaløft» , tømming av den gule postkassen og til JøsnesNytt. Ja, det lengste de våga å bevege seg ut i verda var til Jøsenfjorden,… og jo eitt hakk enda lengre inn – eit dybdeintervju innante Udladalen var vel det mest regionale innslaget. Veldig bra !! Me gledar oss alt til neste år.
Facebook har til og med nådd Eiane – som lot seg rive med i intern vitsestrid grendene i mellom……..Nesvik joina etterkvart, men kor va Fosså?
Ein hyllest til FIBEREN !
Revyen hadde ein fin liten miks av songar, videoinnslag og sketsjar – Ein del av poenga kunne nok kanskje vere vanskelige å forstå for den ikkje-ur-innfødte Jøsnesbu – men me kan vel tolke oss fram til at me har eit rikt og levande bygdeliv sidan det var såpass mange humoristiske poeng å hente frå kvardagen på Jøsneset !
Herlig gjensyn med Unhild frå Udladalen !!! Nok eit Udladalportrett i Stavanger Aftenblad: Her er Unhild i intervju med «Heidi Hjorteland» (spelt av Lene). Men någe betutta og nedfor var ho Unhild…..ja, både ho og sykkelen var heilt på felgen; forsmådd og forbikjørt av plukk-opp-bilen ans Torjus som ho nå var! Det såg mørkt ut for na Unhild der innerst i dalen…..Heilt til ho kom til å tenka på den kjekke, båtkjørande Jøsneskaren ho traff på ein dans i sin ungdom, og som ho enda hadde bilde av på soveromsveggen !
Unhild – så herlig autentisk tolka av Lise Tjeltveit, at me nå begynne å lure på om ho faktisk har vore Udladalsbu i eit tidlegare liv
Siste nummer blei eit sprelsk og artig lite dansenummer !
Takk til heile revygjengen, som ga av si tid og delte humor og glede i to førestillingar, og totalt ca 125 frammøtte – god miks av vaksne og unge, hyttefolk og fastbuane – og besøk frå andre bygder var veldig hyggelig !
Etter revyen var slutt; blei salen rigga om til border. Mat og kaffe blei servert, Og «vår eigen» hus-musikar Josè Altamiranon spelte til dans. Som vanleg skapte han god og herlig stemning og blei det god fart på dansegolvet utover natta !
Arr: Jøsneset Ungdomslag og Revygjengen
Skiftuvika «by night» – Påskeaften-festen er over og fullmånen rår over stille, mørk fjord !
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.