Full pott i hjortejakta

Hausten 2012 blei det felt 50 hjortar, som er 100% av kvota! Jakttida for hjort var forlenga fram til 23. desember, og jegrane på Jøsneset nytta tida godt. Det blei nok lekkert viltkjøt til mang ein festmiddag!

Av dei 50 felte dyra var det 9 vaksne bukkar, 7 spissbukkar og 15 hind. Nærmare halvdelen av dyra, 19 stk, var kalvar. Dette stemmer godt overeins med den 3-årige planen for avskyting.

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.