Det var Hjelmeland KrF som tok reisa over fjorden, og inviterte til open debatt om det som måtte oppta oss her på nordsida. Det blei mest debatt om framtidig skulestruktur. Det vil skje drastiske endringar både i omsorg-og oppvekstsektoren i framtida pga naudsynte innsparingar i kommunen. Jøsneset skule kan stå for hogg! KrF gruppa har ikkje konkludert – ventar på utgreiing av 9 ulike struktur-alternativ. Dette er klar i midten av mai. Då skjer det mykje på kort tid, for prosessen legg opp til at beslutningane skal tas allereie i juni. Så følg med !! Elles var det òg litt debatt om ferjeruter, kommuneikasjon, tomteutvikling, utleigebustad….og kommunesamanslåing.
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.