Damekveld 27/11/14

Det er siste torsdag i månaden, (27.11.14) ,og tradisjonen tro lagar Nasjonalforeningen Jøsneset helselag damekveld i triveselstova kl 20:00.

Denne torsdagen får me besøk av;

Aina Fuglestein frå Stas trening – og aktivitetssenter som vil fortelje litt om trening og ernæring. Ho har tatt bachelorgrad i idrett, fysisk aktivitet og helse med hovedfokus på rehabilitering. Et år med praktisk pedagogisk utdanning frå Høgskulen i Sogndal. Har også tatt spesialpedagogikk ved Høgskulen i Telemark. Har jobba i Suldal kommune som adjunkt sidan august 2005. Har jobba som spinning og styrke instruktør ved Idrettssenteret i Sogndal og Sand Fysioterapi og trening. Er i dag medeigar og dagleg leiar i Stas trening – og aktivitetssenter 

Me håpar at nettopp du vil ta turen i triveselstova førstkommande Torsdag Kl 20:00 

 

VEL MØTT 

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.