LYSE og Jøsneset Bygdaråd arrangerte fiber-møte fredagkveld. Frammøtet var veldig bra, og nå er interessa stor nok til at det blir utbygging. Dette blei feira med flott sjokoladekake frå LYSE og fiberrike kaker og godbitar frå bygdefolket – samt kaffe og brus.
LYSE var til stades med 2 representantar som svarte på spørsmål frå salen. Det var ca 45 stk som skreiv kontraktar på møtet, og fleire har meldt seg interessert, slik at det totale tal interessentar i bygda kan bli opp mot 60 stk….kanskje meir?? Det var både fastbuande og hyttefolk som stilde opp og meldte interesse.
LYSE var svært nøgde med kvelden, og hadde følgjande melding til dei som var forhindra å komme på møtet: Er du interessert i tilbodet om fibernettutbygging så kan du sende ein e-post til privatfiber@lyse.no innan 1.oktober!! Oppgi namn, adresse, gnr/bnr og telefonnummer, så vil du bli kontakta av LYSE for meir info om avtalen og ev kontraktinngåing.
Jøsneset Bygdaråd har engasjert seg sterkt i saken, og vil framleis vere koordinator mellom bygde/hytte-folk og LYSE. Spørsmål og ev interesse kan òg meldast til Odd Fosså og Sven Westersjø i Bygdarådet; bygdaradet@josneset.no
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.