Kongens fortjenestemedalje til Skiftun

Foto: JKR i kvinedal.noRundt nyttårstider blei den utflytta Jøsnesbuen og soknepresten i Kvinesdal Leif Gunnar Skiftun heidra av sjølvaste HM Kong Harald – for då fekk han utdelt Kongens fortjenestemedalje i sølv av ordføraren i Kvinesdal. Ein glad og takksam Skiftun, som òg blei kåra som årets kvindøl i 2011, var heilt uvitande om denne høgthengjande heideren då utdelinga fann stad. Skiftun fekk mange flotte godord om sitt samfunnsengasjement i tildelingstalen. Sjå video-opptak av ordføraren sin tale og grunngjeving, og Skiftun sin takketale.

Heimbygda Jøsneset gratulerar Skiftun med heider og medalje !

Og ein liten historisk kuriositet; så vidt me veit er det kun ein Jøsnesbu tidlegare som har fått kongens fortjenstemedalje i sølv, og det var faktisk nabo og også Skiftudal-kar, det skjedde i 1965, og prisen gjekk til……….ja, det finn du ut nedanfor.

 

Det var Jone Mæland som i 1965 fekk kongens fortjenestemedalje i sølv; han fekk den òg for sitt frivillige og samfunnsengasjerte arbeid for bygda og lokalsamfunnet. På bildet ser me ordførar Vadla overrekke medalja under ein liten sermoni heime i stova på Skiftunkaien, men Jone reiste sidan til Oslo for å takke Kongen på Slottet Smile


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.