Laurdag 9. august vart det brått omvelte i sommarværet – då slo stormen til: raskt og kraftig. Første bolk kom tidleg ettermiddag – vindkast som m.a. medførte velt av fleire store trær som her på Fosså.
Foto: Ellen Mari Fosså
Det ruska godt om seg på Håvehammar òg denne dagen….berre sjå og høyr her:
http://www.youtube.com/watch?v=bRpQi_f-h_0&feature=youtu.be
Ustødig film: Svanhild H Gbada
Så blei det ein liten «pause» i uværet – før det slo til igjen litt seinare på kvelden; det var ekstremværet «Lena» som ruska på !!
Her frå Knutsvik; foto tatt av Paula Foss. Dei har fleire båtar, både eigne og til utleigehyttene. Det blei travelt med berging:
Dagen derpå i Knutsvik:Foto: Paula Foss
Det var òg høg stormflo, og kombinert med sterk vind, blei moloane små. Her frå Skiftun
Foto: svanhild h gbada
Har du melding om skadar? – eller foto frå stormen? – send inn til bygdaradet@josneset.no
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.