Søndag 20.januar blei ein flott skeisedag på Fosstemmen. Ca 30 stk, store og små, møtte opp til skeising, bålbrenning, pølsesteiking og kaffekos. Det var isande kald nordavind, så det beste var å halde seg i aktivitet på isen – eller kose seg med bålvarmen inne i «Kalvagaren». Isen var speilblank og fin, tjukk og trygg – sjeldan gode forhold. Her var det mange unge talent å sjå – dei små lærer kjempefort ! Men like imponerande var veteranane på lengdeløpskeiser ; som krosskasta vatnet rundt og rundt, og rundt igjen – i fin stil; både med og utan hendene på ryggen. Ein gong lengdeløpsskeisar, visstnok alltid lengdeløpsskeisar.
Litt kappgåing blei det jo !
Iskald kjærleik ?? Eit lite kunstverk inngravert i den knallharde isen
Blå himmel og speilblank is – ein sjeldan vare som måtte nytast !
Me skeiste og skeiste til sola stod lågt – her to småjenter, hand i hand, inn i solnedgangen. Kjempeflinke var dei på skeiser !!
Takk for ein finfin og bikkjekald dag – ein dag som skapt for aktivitet og bålvarme …og glodvarm kaffe !!
Alle foto: Svanhild Hjorteland Gbada
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.