Her ser de tala for besøk på turpostane våre i 2012. (Tala frå i fjor står i parantes). Etterkvart som bøkene vert bytta vil tala oppdaterast her.
(foto: Jorunn Foss, tatt frå Nesdalsfjell)
Hyttefolket i Knutsvik (Sigurd Opedal) kan melda om godt besøk på Høgafjell i 2012: 190 stk (151 i fjor).
Nesdalsfjell: 673 (640)
Gunlanuten: 191 (189)
Tausanibben: 93 (134)
Brynå: 672 (672)
Håvehammar 966 + 204 i barneboka (881 + 171 i barneboka)
Fosstemmen 590 (323)
Røssenibben 69 (87)
Valafjell 61 (?)
Norda Høgaste 89 (72)
På Valafjell og Røssenibben blir det ikkje lagt ut nye bøker i år, då helselaget vil redusera litt på turpostane, og desse er minst besøkt.
Husk at det gjeld med poengsanking også i 2013, og det er no det startar i dei nye bøkene!! De finn meir informasjon om poengberekning under «lag/organisasjonar» og «helselaget» i menyen til venstre på sida. Kort fortalt gjeld det å kome over 100 poeng for å vere med i trekning av premiar, så her skulle alle ha ein sjanse, iallefall dersom ein byrjar tidleg nok
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.