Flotte hausthimlar


I «serien» FLOTTE HAUSTHIMLAR har me fått inn tre nydlege bidrag frå Solveig Bog Bouzane. Bildene er tatt «himante» altså Lønnehaugen/Vigå nå i oktober. Me konstaterer nok ein gong : for ein flott plass me bur på !!

 

 

Sende gjerne inn «din» hausthimmel eller foto av andre ting og stader frå bygda,  ungdomslaget@josneset.no

Kanskje du har eit bilde av årets første vinterdag?
Snøen kom 26.oktober, og la seg som eit kvitt, vakkert teppe over den gyldne, haustfarga skogen. 5 cm flott puddersnø ved Fosstemmen. Og temperaturen var minus 4,5  ved Mikals Laks i dag kl 7.30 og frostrøyken seig ut Skiftuvika på morgonkvisten.
Kanskje du har eit vinterbilde å sende over?


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.