Spreke studentar på Gunlanut-tur

Lørdag 1. oktober (den stille, deilige, varme solfylte haustdagen) kunne me møte desse spreke studentane ved varden på Gunlanuten. Det var litt tilfeldig dei hamna her, for dei hadde aldri vore her før, men via googling på nettet fann de tursti-kartet vårt og kunne dermed legge ut på helgetur på Jøsneset.

Dei hadde bestemt seg for ein helgetur i telt ein eller annan stad akkurat denne helga (flaks for dei at været slo til med sommartemperaturar). Då dei ikkje har bil, leita dei etter ein stad dei kunne reise til med båt. Dei søkte på Turistforeningen sine sider og fant Gunlanuten. Då dei googla Gunlanuten på nett, kom dei vidare inn på Jøsneset sine nettsider og fant turstikartet vårt, som dei printa ut. Så gjekk båtturen til Nesvik fredag ettermiddag. Med tung opp-pakking fulgte dei merka ruta over Nesvikheia, opp til skogsvegen frå Foss og vidare opp Fossmarka. Ruta over Nesvikheia er flott, men ganske tung og kronglete å gå i den retninga. Ved Foss-ånå fant dei seg ein teltplass og campa over. På vegen fekk dei òg eit møte med hjortenSmile.

Lørdagen gjekk turen til Gunlanuten, der me traff dei. Dei meinte det var ganske lett å finne fram i terrenget, som var godt merka og stemde med turkartet (dei hadde òg med seg «orntlig» kart).  Damene i flokken er eigentleg frå USA og mannen frå Stord, men alle er nå studentar i Stavanger…og dei hadde òg med seg ein fin liten hund med mjuk pelsWink.  Ettersom dei tok sikte på ei overnatting til i Fossmarka, så tipsa me dei òg om gapahuken «Kalvagarden» som jo òg kan vere ein alternativ overnattingsplass til telt. (PS: etterpå fant me ut at det omtrent ikkje er ved igjen i «Kalvagaren» nå)

Koseleg «toppmøte» med koselege studentar. Og historia viser at «nettet viser veg»,  og at dersom me ikkje hadde hatt jøsnessida og turstibrosjyren så hadde nok sannsynlegvis ikkje denne gjengen funne vegen til topps i bygda vår denne helgaWink.

PS: inkudert desse 3, så er det hittil 185 personar som har skrive seg inn i boka på Gunlanuten.  Kan det vere ny rekord??

Finfin dag på Gunlanuten 1.oktober – utsikt mot Hålandsosen i Erfjord.


Og her litt av utsikten undervegs: her ved Gunlaknaggen.


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.