10.12 Jøsneset rundt med Google Earth

 
I sommar blei det oberservert ein Google Earth-bil med kamera på, både på ferja og på vegane på  Jøsneset. Nå foreligg resultatet på nett, og de kan alle vere med på ei fantastisk bilde-reise langs alle vegar på heile Jøsneset. Bilda er av svært god kvalitet og er tatt fortløpande frå bilen, og du kan snu deg rundt 360 grader og sjå heile landskapet og bygningar rundt deg.

     

Dette er både enkelt og brukarvennleg – og ikkje minst veldig gøy og artig.

Du kan komme inn i denne «bilde-verden» til Google Earth på to måtar:

1. Via Google-sida www.google.com

Skriv inn Jøsneset i søkefeltet og klikk på fana KART oppe til venstre. Då får du opp eit vanleg kart over Jøsneset. På venstre side i kartet er det eit zoome-linjal med + og – for å zoom inn og ut. Ovanfor denne linjalen er det ein oransje personfigur. Klikk på denne figuren og dra figuren over Jøsneskartet.  Då vil alle vegar på Jøsneset bli blå – det indikerer kor Google Earth har vore ute å fotografert. Dra figuren til den plassen du vil sjå bildet, og slepp. Vips så kjem du rett inn i fotografiet frå den plassen. Då kan følge streken langs vegen, og bevege deg framover langs vegen. Med piltastane oppe til venstre i bildet kan du snu deg rundt i alle retningar, og zoome inn og ut. Berre prøv deg fram  – det er veldig enkelt. Best resultat får du viss du trykker på fullskjermvisning (oppe til høgre i bildet) – då får du fantastiske solfylte bilder frå Jøsneset på heile skjermen din.

2. Via Google Earth-programmet.

Då må du laste ned siste versjon av Google Earth på PC-n din. Det er veldig enkelt. Gå til Google Earth si heimeside.
Klikk LAST NED GOOGLE EARTH 6.  Klikk kjør, og den lagrer seg automatisk på din PC.
Då kan du opne programmet Google Earth. Det starter med eit bilde av jordkloden. Skriv inn Jøsneset i søkefeltet oppe til venstre, og vips så flyr du ned til Jøsneset (satelittbilde). Oppe til høgre finn du då den same oransje personfiguren (street viewer). Gjør på same måte; dra tak i figuren og sett den der på kartet kor du vil sjå bilder frå, og vips så er du inne i bildet. Her kan du på same måte dra deg fram langs vegen, eller snu 360 grader rundt.

Tips om du syns det er vanskeleg: Google har laga ein fin video for nybegynnerar, sjå HER.  
Elles er det mange andre artige finesser på Google Earth…..her er det berre å prøve seg fram.

Bildene er av fantastisk god kvalitet, og her kan folk virkeleg få sjå kor solrikt og flott det er på Jøsneset.
Tips til venner og kjendte i utlandet kanskjeWink som ikkje har vore her og sett «live». 

Litt artig at det er fotografert i «kvar ein krinkelkrok» på Jøsneset. Elles er det stort sett hovudvegar (RV og FV) de har fulgt, td er det ikkje bilder frå Randøy og Fister, men Jøsenfjorden, Vormedal mm. Her kan du virkeleg ut å «reise» . GOD TUR !!

(og takk til Josè Altamirano som tipsa Jøsneset-sida om dette).
 
Oppe til venstre i bildet ser du piltastane som du navigerer med, og nede til høgre her ser du den oransje figuren som du plasserer i kartet der du vil sjå bildet.

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.