Faste arrangement


LØRDAGSKAFÈ-TREFF på NAUSTE

Cesilie på Nauste inviterar folk i alle aldersgrupper til sosialt treff med gratis kaffe, te og kakao kvar laurdag kl 17.00.
Uformell møtestad med drøs og kortspel.

 

 

 

 

 

GÅGRUPPE,tirsdagskveldar kl 19.00.
Oppmøte m/ brannstasjonen.
Ca 1 times frisk gåtur langs bygdevegen i godt lag ! Velkommen.
Arr Jøsneset Helselag.

SENIORTREFFEN
dvs sosialt treff for alle over 60 i bygda med middag, dessert og kaffe – og sjølvsag god drøs !

Annakvar torsdag, alltid kl 10.00 i Trivselståvå.
Nye deltakarar er hjarteleg velkomne! Hugs påmelding til Olga Hjorteland tlf. 51 75 19 47 /47 60 19 62.

HELSEBADING
Kvar mandag kveld i svømmehallen på Hjelmeland. 17.30-18.30 småbarn, 18.30-19.30 vaksne. Sjå kalender i høgremenyen

VOLLEYBALL:

 

HIV DEG PÅ !!

Elles skjer litt av kvart av kulturarrangement i vårt nærmiljø, både her i Hjelmeland og i nabokommunane.

Her er nokre tips til  korleis kan du skaffe deg meir oversikt over det som skjer !!

SJEKK:

– plakatstativa på Nesvik ferjekai og Skiftun-krossen. Svært mykje blir slått opp der.

– www.josneset.no ; men obs obs: det er for det meste lokale Jøsnesarrangement som blir kunngjort her, men òg sporadisk andre ting

– papir- og nettutgåvene av lokalavisene Suldalsposten og Strandbuen

– felles kultursida for 7 Ryfylkekommunar: Kulturhaust i Ryfylke. Her er det god oversikt over kva som skjer i alle våre nabokommunar. Denne informasjonen finn du òg i papirfaldaren som blei delt ut i alle postkassar.

– dei enkelte kommunane sine nettsider. 
T.d.så finn du kinoversikten her: Suldal kino og Strand kino

– nettsida til Suldal kulturhus .

Og elles er vegen overkommeleg til Stavanger òg – der det bugnar av tilbod: sjekk til dømes:  
Stavanger kino , Rogaland Teater , Stavanger konserthus , Tou scene, Stavanger kommune osv osv.

Gjett om me kan kosa oss – om me berre vil !

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.