Godt og vel 120 stk fant vegen til Skiftun kai denne laurdagen – då feira me 100-årsjubileum. Jøsneset Bygdaråd var vertskap, og leiar Oddvar Skiftun innleia med mimring om stemninga på kaien då rutebåten kom inn! Dette var bygda sin møteplass nr 1 gjennom mange, mange tiår takka vere rutebåtane, butikken, posten – nå er funksjonane borte, men akkurat denne laurdagen var kaien igjen ein triveleg møteplass mellom by, land og nabobygder. Takk til alle som kom og kasta glans over dagen
Fiskemottaket er nå omgjort til eplesaftlager, men akkurat denne dagen var det fest-og foredragsal Oddvar Skiftun ønskja velkommen på vegne av Bygdarådet. Han er sjølv oppvaksen i nærleiken av kaien, og han reflekterte litt om rutebåt-tida. Han var inne på at langgangen til kaien var dåtidas facebook – det var her møtestaden var før, der by møtte land møttes og nyhende blei utveksla, og der alt av varetransport og handel fant stad.
Trygve Brandal er pensjonert bygdebok-forfattar, og rett kar til å fortelje Skiftun kai si historie : eit interessant innlegg både om teknisk og sosial utvikling for Skiftun og Jøsnesbygda
Christian F Wyller er entusiastisk kystfartøy-forkjempar, og svært engasjert i det store restaureringsprosjeket «MS JØSENFJORD» – som er ein veteran-rutebåt som er under restaurering. Skipet ligg på verft i Kristiansand, og mange års restaureringsarbeid nærmar seg sjøsetting igjen….kanskje til neste år? Kanskje me ein dag får sjå skipet til kais på Skiftun? Då må det definitivt bli fest igjen !! Les meir om prosjektet her på josenfjord.no
Etter innlegga inne, var det ut i sommarsola for grillmat, nybakt, kaffe og saft . Folk hadde med eigen grillmat, medan Jøsneset bygdaråd spanderte lokal bakst (takk til bakar Øyvind Oaland), lokal eplesaft (takk til Buhagen/Jostein Hjorteland) og kaffe ! Det blei reine Gladmat-stemninga på kaien, og skulebollar og kanelboller forsvant fortare enn svint !
Oddvar hadde «fudle sjau» med å koke bålkaffe, og Solveig hadde «fudle sjau» med å koke filterkaffe !
Drøsen gjekk godt utpå kaien – akkurat som før
PostOlga og ButikkTordis er nå bygdas to eldste, kun ei veke skiljer i alder, begge går nå mot 90 ! Begge desse to sette sitt preg på miljøet her på Skiftun kai, Dei dreiv post og butikk vegg i vegg i det store kvite huset i bakgrunnen i tiår etter tiår…….ja, så når det er fest på kaien, er dei sjølvsagde gjester
Men det var ikkje berre mat og prat……folket blei òg utfordra på ein ultra-lokal Skiftun-quizz. Den var nok litt vanskeleg for dei ikkje heilt lokale, men spørsmåla som hang langs vegen mellom kaien og Krambuå medførte både mimring om både folk og hus og båtar i dette miljøet.
På bildet ser me vinnarlaget, som stakk av med lokal premie musserande Buhagen-saft, så klart ! Bra engasjement.
Har du lyst å prøve deg på Quissen sjølv. Her kjem QUISSEN MED SVAR !
Og her finn du mange fleire bilder frå arrangementet på Jøsneset si Facebookside
Takk til desse fire karane som «var med oss i ånda» denne dagen, og som ga inspirasjon til å lage fest for Skiftun kai. Dei utspeglar ei ro over den uformelle praten. Dei tok seg tid å setje seg ned i kvardagen og prate i lag. Ein viktig bodskap – vår koronatid viste oss kor viktig det er å møtast slik me gjorde i dag.
Så takk til Nils, Johne, Daniel og Berdines frå 1969. Foto: Svein Hauge
Alle andre foto: Svanhild H. Gbada
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.