Sjøsetting og namnekonkurranse


Dei to nye kanoane blei sjøsett og den nye
bålpanna med kaffikanne blei prøvd ut onsdag 2. juli! Alt fungerte utmerka og ca
50 personar var med på Skiftunstranda.

Ein liten kano-kappe-strid på Skiftuvigå straks etter sjøsetting – dette funka bra og innsatsen var frisk !

Kanoane er av typen «Venture Ranger 16», dei er 4,9m lang, 90 cm brei og veg 32 kg. Maks last: 450kg. I
følgje sin eigen reklame er det ein «God allround familiekano for variert
padling som passer for to vaksne og to barn med bagasje. Ranger 16 er en god
allround familiekano for variert padling på vann og lett elv. Kanoen er svært
sidestabil og holder høy finish. Moderat spring, leveres med bærehåndtak og to
seter i tre med rotting» (vi har 3-seter)

Kanoane ligg enn så lenge i Skiftunstranda, men vil med det første bli frakta opp til Foss-stemmen der dei
skal ligge i sommar. Dei kan fritt benyttas, men alle må ha med eigen vest og
kanoane må bærast tilbake på plass etter bruk.

Bålpanna er sett opp på skuleplassen og er og klar til vidare bruk. Vi satsar på at vi kan ha
felles-middag her nokre ettermiddagar i sommar. Det blir lagt ut beskjed om når
bålpanna er varm og fastbuande og ferierande vil då bli oppfordra til å ta med
grillmat til hyggeleg treff. Bålpanna kan elles fritt benyttast av alle.

Vi vil og rette ein takk til Sparebanken Hjelmeland som gav bort
eit flott handkle og eit par solbrillar til «opninga». Desse blei lodda ut og
fekk ein veldig nøgd vinnar frå Nesvik!

Så nå manglar vi berre ein ting – Namn på kanoane!
Desse to flotte kanoane – ein rød og ein grøn – treng kvart sitt namn.
Vi har difor sett i gong ein namnekonkurranse! Kva namn bør dei ha?
Vi har allereie fått inn nokre forslag, men treng fleire – Konkurransen vil gå
ut sommaren – så blir det høgtideleg offentleggjering og dåp litt seinare!

Forslag kan sendast inn til:

Bygdarådet v/Odd Fosså bygdaradet@josneset.no
Nasjonalforeningen Jøsneset helselag v/Berit Skiftun helselaget@josneset.no

Helsing
Nasjonalforeningen Jøsneset Helselag og Jøsneset bygdaråd
v/bulystgruppa «Møteplassar i Naturen – Jøsneset».


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.