Gamlekarar på kaien

I 1968 var Skiftunkaien bygda sin viktigaste sosiale møtestad.  Rutebåten «Hjelmelandsfjord» var den gong kommunikasjonsleddet med omverda, med anløp morgon og kveld. På kvelden kom båten inn frå Stavanger, lasta med varer, folk, post og dyr.  Då møttes folk på kaien i god tid, for å prate og høyre siste nytt. Ja, kaien var på ein måte dåtidas «Jøsneset nettside» – der informasjon blei formidla.

Her er «gamlekarane» samla, dei som på kvar sitt vis var med å forma Jøsneset: frå venstre Nils Foss: bestyrar på Jøsneset Kraftverk,  Johne Mæland: gardbrukar, handels-og postmann Skiftun,  Daniel Foss (gardbrukar Krokane/Foss), og Berdines Asheim/vegvaktar.  Foto: Svein Hauge

Ja, visste du forresten at Skiftun kai er 100 år i 2022 !  I 1921 var den gamle steinkaien utsett for stor skade pga uvær. Men ny kai blei oppgradert i 1922. Fleire foto:

Eit døme på kaien som møtestad mellom ulike kulturar, på kaien for å ta avskjed med amerikansk besøk framfor rutebåten»Erfjord» :  frå venstre Trygve og Gjertrud Gryte med sonen Oddvar (hadde hytte i Aplavik), Olga Skiftun (gift Foss), Torkel og Inger Skiftun, amerikansk dame, Johne Mæland, ukjent mann og ute til høgre amerikansk mann.  Rutebåten»Erfjord» Kjelde: Ola Foss/Ryfylkemuseet, Årstal: slutten av 40-talet?

«Hjelmelandsfjord» ved Skiftun kai, sannsynlegvis hausten 1978, foto Olga Hjorteland.  Her kan du lese om Hjelmelandsfjord sitt siste anløp ved Skiftun kai

Me ønskjer oss fleire gamle bilder til nettsida vår, send inn frå kvardag og fest: nettside@josneset.no 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.