«Kogekjellas Venner» har hatt nokre års vinterbadingspause nå, men i 2021 tar de ny sats. Primus motor nå er Anbjørg, framme på foto i nisselua…Ho har som mål å bade kvar veke heile vinteren, og då må jo «gamlingane» følgje på ! Og då må det herdast ! Me oppmodar til første lørdagsbad nå 28.08. kl 16 – eller etter dugnaden på Grendahuset. Deretter er det berre å følgje på kvar laurdag framover, eller gjerne oftare. Badeplass er foreløpig valgfri, men kan bli både Kogekjellå på Foss, Fosstemmen eller Skfiftuvika utover vinteren. Meir info følgjer
La deg inspirere av denne videosnutten frå nyttårsafta 2014, like før Friluftslivets år 2015, som Jøsneset sjølvsagt markerte med bad i Kogekjella 13 januar ! Målet er likt òg i år, og dei personane som blir utfordra i videoen blir framleis utfordra den dag i dag
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.