Plask i Skiftuvika for «Et hav av muligheter»

Den haustkalde fjorden var ingen hinder for gjengen som plaska uti Skiftuvika til ære for TV-aksjonen «Et hav av muligheter» : WWF sin innsamlingsaksjon for eit reinare hav !  I år blei det utendørskafè på Skiftukaien i regi av Jøsneset Bygdaråd, og frisk bading i Skiftustranda. Jøsneset Bygdaråd oppretta ei digital bøsse som ein fekk inn 5400 kr på kafèen. Har du lyst å gi til aksjonen og få det registrert på Jøsneset si bøsse, følg du berre linken på bøssa.

Heimabaka boller og snurrar til inntekt for TV-aksjonen.  Bruk gjerne speis.no/project/131869 om du vil gje.


Hanne i Bygdarådet hadde baka sjokoladekake, og deler ut på kaffe og saft for svultne baderar


Og Ingeborg i Bygdarådet steikte lappar på takka ute på kaien. Dei varme nysteikte lappane fekk «bein å gå på» 


Det blei ein frisk og fin dag ute på kaikanten på Skiftun kai rundt bålpanna.

Takk for gode bidrag til årets TV-aksjon ! Me er glade i fjorden vår, og håpar gåvene kjem til nytte i kampen om reinare hav !  Og takk til Bygdarådet som rigga til kafè ! Koselig sosial samling !


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.