BLI MED PÅ EI NYTTIG OG SOSIAL AKSJON – ME RYDDAR AVFALL LANGS STRENDENE VÅRE !!
Hjelmeland kommune har satt av pengar frå Havbruksfondet som skal gå til frivillige lag som bidrar med å rydde avfall langs kystsona vår. Jøsneset Bygdaråd har meldt inn ansvar for utvalde strandsonestrekningar på Jøsneset ,jf kart under. I tillegg til betaling pr registrert dugnadstime vil òg ein innlevert sekk avfall gi eitt lodd i KYSTLOTTERIET. Kystlotteriet er ein del av ein nasjonal aksjon Hold Norge Rent , og blir administrert i eit samarbeid mellom Naturvernforbundet og norske kommunar. Jo fleire innsamla avfallsekkar, jo fleire vinnarsjansar !
Men det viktigaste av alt : du blir kjent i bygda di og gir eit godt bidrag til å halde desse nydelege strendene enda finare!
Me startar i nord – Ørevika nord for Øygarden i Knutsvik, og tar for oss opne strandstrekningar sørover. Første kveld : Mandag 2.september – oppmøte kl 17.00 v/Branngarasjen. Me organiserer kjøring derfra. Kan òg møte opp med båt i Ørevika ca 17.15.
Det vil nok bli behov for å gå fleire gonger. Nytt tidspunkt blir kunngjort på www.josneset.no og på Facebook-sida til Jøsneset.
Dersom du har lyst å rydde på eiga hand og/eller på andre eigne utvalde strekk, så er det supert – Dette kan du òg få lodd i lotteriet til og du kan få det registrert til Bydarådet si «dugnads-timeliste» – det gir pengar i kassen til Bygdarådet – så meld frå til Unni i Bygdarådet 403 94 743 viss du vil rydde på eiga hand.
Dei strekningane som Bygdarådet primært har vald ut er:
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.