GLADMELDING NR 1 : dei forsvunnede dåpskjolane er funnet igjen i god behald
Dei låg trygt og godt i skapet på Trivselstova likevel ! Det har vore eit lite mysterium kor kjolane hadde tatt vegen – og kor de sist var sett. Men her er de: litt krøllete etter tilværelsen i skapet, men like fine ! Cesilie syns det var veldig kjekt de kom til rette, og nå har de fått lufta seg litt før de igjen er blitt trygt plassert i ein heilt eigen plastikkboks i skapet på Trivselstova. Men folkens: dåpskjolane er til leige: kr 200 medl og kr 300 ikkje medl. Ta kontakt med Cesilie Wåland i så fall.
GLADMELDING NR 2: Jøsneset Helselag består Den vidare framtida til det over 80 år gamle laget var til drøfting på årsmøtet 1. april. Der blei det beslutta at ein held fram med eit litt redusert styre og med eit litt redusert aktivitetsnivå. Dei to aktivitetane som blir prioritert er TURSTIANE og SENIORTREFFEN !! Styret består av: Cesilie Wåland leiar, Ellen Mari Fosså: kasserar, Berit T Skiftun: seniortreffen, og Svanhild H. Gbada: turstiar/turpostar. Sjå meir info REFERAT FRÅ ÅRSMØTET 1. APRIL.
GLADMELDING NR 3: Det blir Hardhausen i år òg 1.pinsedag som vanleg ! Meir info følgjer !
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.