Ingen påske utan BEDEHUSBASAREN, og slik vart det òg i år. Styret i Bedehuset skipar til god, gammeldags basar der inntekta går til naudsynt vedlikehald av bedehuset i bygda. Basaren er ein populær begivenhet; ikkje minst for tilreisande påskegjester. Bedehuset var fullsett denne kvelden, og leiar i bedehusstyret Trygve Brandal var nøgd.
Bedehuset var fullsett av fastbuande og hyttefolk, barn, ungdom og eldre, og dei frammøtte fekk oppleve prost Sigrid Sigmundstad ved talarstolen; der ho fortalde om påskebodskapen og var flink å få med seg dei minste i salen undervegs i talen. Elles var det «god gang» i basarbøkene: lodda gjekk unna og hundrelappane (og større lappar med) strøyma inn rundt Trygve Brandal og resten av styret. Han presiserer at pengane ikkje er det primære med denne kvelden; det er nok like mykje den tradisjonsrike, sosiale møtestaden denne basaren representerer. Ja, for drøsen gjekk så høgt i kjellaren at taket nesten letta; rykande varm kaffe, pølser, heimebakst og gode kaker blei servert: og INGEN gjekk svoltne frå basaren denne kvelden heller. Basarkveldar blir som regel «toppa» med utlodninga: så òg denne kvelden. Mange fine gevinstar blei spreidd ut i bygda, og me tippar det blei eit fint overskot til vidare drift og vedlikehald av Bedehuset.
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.