Jøsnesbygda kjempa for å behalde skulen – men tapte ! Nå ER skulen historie! Likevel klarte bygdefolket saman å skape ei festleg og verdig avslutning for denne viktige bygdeinstitusjonen. 170 påmeldte frå alle generasjonar var samla – og det var både nåtid – fortid og framtid som stod i fokus.
Dagens elevar ved Jøsneset skule – og Kulturskulen – representerte nåtida – og kjørte eit nesten times-langt program med dans, song, musikk og skodespel. Etter førestillinga fekk dei roser av rektor Rasin !
Elevframføringa fokuserte på kontrastar; skule før – nå . Imponerande timing og herleg sangglede!! Tydeleg òg at dei har veldig gode hjelparar – lærarane !! Hurra !!
Dei tilsette blei takka av rektor Rasin – òg dei fekk kvar sin blom – før dei nå går kvar til sitt på nye arbeidsplasser utanfor bygda……medan rektor Rasin kunne fortelje at han (etter mange kvaler) nå har vald å gå av med tidleg-pensjon.
Matfriminutt : Ute venta maten – og ei fantastisk marsipankake. Alle kjenner vel igjen Jøsneset skule i kaka !!! og bygda rundt !
Skulen har i alle år vore hjarta i bygda – og nettopp dette skulle kaka symbolisere ! Og vidare: dette var òg var målet med kvelden – å vise kva skulen har betydd for bygda.
Det var duka til eit stort matbord ute i ballbingen – og det var deilig å ha ein lang god pause for mat og prat i sommarsola. Gamle kjende møttes igjen – og drøsen gjekk.
Mon eg sko ta meg eit stykke ?
Jaaaa, me tar oss ein bit !! Mmmmm – kaka smaka veeeeldig godt !!!
Triveleg sommarstemning rundt mat/kake-bordet og kaffekoppane gjekk unna.
Laus prat rundt uteborda – generasjonar på tvers.
Sikkert litt mimring frå «gamle dar » her òg ??
Etter «matfriminuttet» var kvelden via til minnene ! Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa er ei av dei som har minner frå Jøsneset skule – og jammen kunne ho kunsten om å DELE minner – ein enorm hukommelse og detaljrikdom i hennar minner frå tida som lærar på Jøsneset i 67/68 : som u-utdanna 18-19 åring kom ho hit og fekk ansvar for heile elevflokken aleine – og lærde bygdefolket òg å kjenne! Eit varmt, humoristisk og knagande godt innlegg frå «na Magnhild»
Svein Hauge kom eins ærend frå Notodden – for òg å dele rike minner !! Han er son av lærar-ikonet Andreas Hauge (som var einaste lærar på Jøsneset eit par tiår på 40-50-60-talet) Svein er født og oppvaksen på Jøsneset skule – der barnehagen er nå – og kunne konstatere at tapeten på soverommet (som nå er lager) framleis er den same. Svein tok oss med på ei reise tilbake til barndommens rike; og i bilderike ordelag skildra han ein skulesal som eima av kropp og kritt, og ei bygd som anga av nyslått høy – vakkert og poetisk !
5 generasjonar delte med salen «Min skule» – Vebjørn Fosså, Frode Tjeltveit, Ellen Mari Fosså, Elisabet Førre og Arthur Westersjø – vinkla det kvar på sin måte.
Og minnene fortsette utover den lange kvelden – minner frå små og minner frå store, minner frå unge og minner frå eldre!!
Minner er best når de blir delt med andre.
Skulen blei tatt – men minnene kan aldri tas.
Den minnerike kvelden lever vidare inn i framtida !
Takk til alle som delte !!
Helsing frå foreldrene blei opplese av Silje Sværen, Sven Westersjø, Oddbjørn Fossaa og Odd Fosså
Kvelden slutta framtidsretta og optimistisk – med songen OPTIMIST i eigen/lokalskriven variant for anledningen:
Framført av Silje og Sigbjørn.
Herleg punktum finale !!!
Alle foto: Solveig Bog Bouzane og Ingeborg Westersjø
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.