Set av 1.pinsedag til Hardhausen


Vårens vakraste eventyr nærmar seg – set av datoen 4.juni (1.pinsedag) – Då blir det Hardhausen og 3.nutstur på Jøsneset.

I år kombinerar me arrangementet med 10-års-jubileum for den flotte gapahuken «Kalvagaren» ved Fosstemmen.
Det blir i år difor ikkje idealtid – men alle som deltar på toppturgåinga blir med i trekninga av fine premiar! Felles feiring av gapahuken «Kalvagaren» med kaker og kaffe kl 15.00 – samtidig blir det trekning av premiar og utdeling av deltakingpremiar for 1.gong og 5.gong. Me kombinerer altså fysisk aktivitet, naturglede og sosial happening på ein og same dag !

Dette er hjarta på Jøsneset – Fosstemmen 380 moh. Her ligg gapahuken der påmelding/start finn stad mellom 8.30 – 10.00 4.juni.
Her er sekretariatet på plass heile dagen og me tenner bål og lager til grillplass og det er kanoar i vatnet og fin strand til å bade frå.  Og kl 15.00 blir det altså felles feiring og premiering !  Denne gongen ønskjer me at deltakarane går opp hit òg, slik at me unngår bilkjøring opp på skogsvegen langs beitemarkene . Lettast er å gå frå Åsland på merka sti, eller god/bratt skogsveg frå Foss. Turen til start vil jo då forlenge prestasjonen – men er ein Hardhaus, så er ein Hardhaus wink

3-NUTS-TUR: Gunlanuten 829 moh Røssenibben 718 moh og Valafjellet 713 moh
HARDHAUSEN: dei 3-nutane + Norda Høgaste på Herefjellet 690 moh

 

Følg med – følg med!!
Kart og detaljert info kjem etterkvart.  Gå inn og lik Jøsneset på Facebook og følg med på eventen Hardhaus og 3-nutstur på Facebook. Her kjem det masse info, bilder og kart !
Set av 1. pinsedag !!

Arr: Jøsneset Helselag og Jøsneset Ungdomslag


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.