Gapahuken ved Fosstemmen er eit populært turmål, og fasilitetene der er til allmenn bruk. Då er det viktig at alle forlet staden slik dei ønsker å finna den! Det er ikkje kjekt å starta rastepausen med å rydda søppel!
Bygdarådet vil oppmoda alle som bruker området om å
– rydda opp etter seg og ta med alt søppel
– visa fornuft ved bruk av eld
– tørka over benker/bord som har blitt tilskitna
Kanoane «Kalven» og «Kviga» som ligg ved Kalvagaren (rød og grønn kano) kan fritt brukast, men Bygdarådet ber alle om å huska å
– dra kanoane godt opp på land etter bruk
– snu kanoane med botnen opp
– legga årene inn under båtane
Bruk av kanoane skjer på eige ansvar, og Bygdarådet oppmoder alle til å bruka redningsvest!
Dersom nokon er uheldige og øydelegg noko, eller dersom nokon legg merke til skader på Kalvagaren, kanoane eller området rundt, vennligst kontakt Bygdarådet;
Unni tlf 40394743 eller Rasin tlf 41419313
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.