Trekning frå turpostbøkene

På Jøsneset er det allereie lange tradisjonar for å ha turpostar med bøker i som folk skriv namnet sitt i når de går på tur – Dette er eit opplegg som Jøsneset Helselag har drifta i mange år, og som er ein flott stimulans til å oppsøke turmål og halde seg i aktivitet. På årsmøtet blei det trekt ut vinnarar frå kvar av dei 9 turpostbøkene:

Brynå, vaksen             : Kåre Nesvik      Totalt 460 besøkande derav 64 barn (totalt 439 i 2015)                           
Brynå, barn                : Finn R. Olsen Hana     Totalt 460 besøkande derav 64 barn (totalt 439 i 2015)   
Håvehammar, vaksen   : Ellen Mari Fosså    Totalt 1233 besøkande derav 175 barn (totalt 1502 i 2015)
Håvehammar, barn      : Ronja Foss      Totalt 1233 besøkande derav 175 barn (totalt 1502 i 2015)
Nesdalsfjellet, vaksen   : Kristine Nesvik Andersen    Totalt 1073 besøkande derav 167 barn (totalt 826 i 2015)
Nesdalsfjellet,barn       : Misgana Yonas       Totalt 1073 besøkande derav 167 barn (totalt 826 i 2015)    
Tausanibbå                : Eilef Foss      158 besøkande mot 182 i 2015
Norda Høgaste            : Gunnar Mork     168 besøkande mot 155 i 2015
Fosstemmen               : Svanhild Hjorteland Gbada     802 besøkande mot 785 i 2015
Valafjellet                   : Sylvia Frafjord     146 besøkande mot 58 i 2015
Gunlanuten                : Jonas Hjorteland Gbada      391 besøkande mot 342 i 205
Røssenibben               : Sigurd Opedal      154 besøkande mot 67 i 2015 

Alle vinnarane fekk eit gåvekort frå ENKELBUTIKKEN PÅ HJELMELAND på kr 250,-

Det er altså totalt 9 turpostar med bøker i, og dei 3 som ligg i låglandet har eigne barnebøker.  Stiane til turpostane er merka, og turane er skildra i TURSTIFOLDAREN 

Statistikken viser at trafikken på dei høgaste toppane stig – noko som sikkert har samanheng med Hardhausen.
Noko som nok òg spelar inn på statistikken er at i 2015 var Håvehammar ein av kommunen sine kodejaktpostar, medan i 2016 var Nesdalsfjellet kodejaktpost.
Blir då spanande å sjå kva utslag ein får på Tausanibba som i 2017 vil vere ein av kommunen sine kodejaktpostar !

JØSNESET HELSELAG oppmodar folk om å fortsetje å bruke vår vakre natur og godt merka stinett – Ta med ein venn og ein kopp kaffe…….og ja kva anna kan me seie:

 

JØSNESET HELSELAG 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.