Team Jøsneset persa på OsloMaraton

Her er heile TeamJøsneset i mål etter 3 x fullført maraton under arrangementet BWW OsloMaraton – lørdag 17 september.   Shaky i beinå, men glae i håvenesmile Fra venstre Silje Sværen, Einar Nesvik og Svanhild Hjorteland Gbada.  Ikkje verst at vesle-bygda Jøsneset klarte å stille med såpass stor prosentvis deltaking, sjølv om deltakinga var større i fjor 2015, då òg Ingeborg Westersjø deltok. Men i år var det dette trekløveret som sprang for Jøsneset og alle tre klarte ny pers – Einar er busett i Oslo, men spring for Jøsneset og er «sprinteren» på laget – imponerande 3.42.02 – slo si tid frå i fjor med heile 8 sek ! Silje og Svanhild holdt tett lag alle dei 42,2 km gjennom Oslos gater og begge  kom inn på 4.19 . Silje persa med 10 min ift i fjor og Svanhild med ca 6 min.

Du finn Team Jøsneset i resultatlista her, gå på søk – avansert – klubb:

 

Før start møttes teamet på Rådhusplassen for litt nervøs opplading  🙂


Klar for start på maratondistansen – kl 9.20 – Her er det litt over 3000 løperar som står klar, så det tar si tid bare å komme til startstreken. Totalt er det nesten 20 000 deltakarar på dei ulike distansane ila. dagen.  Løypa går midt i Oslos gater og langs Oslos sjøkant. Silje og Svanhild reiste samen med 40 løpeglade damer frå Suldal/Sand/Erfjord/Imsland/Jelsa/Jøsenfjorden – i regi av STAS Ryfylke/STAS-springarane og Suldal Billag – medan Einar tok trikken ned til start 🙂

Her er Silje godt undervegs i løpet – ca 7-8 km ut i løpet  første runde Aker Brygge mot Rådhusplassen – dette er noko anna enn sauaskit, sorpa og motbakkar frå Foss !

Team Jøsneset er nå klare for nye utfordringar i kvardagsløypene – for Silje og Svanhild i «peisekleivene» opp/inn Fossmarka og for Einar i marka i Oslo 🙂
Teamet har stor tru på at det er et godt potensiale for å auke deltakinga til neste år med fleire løpeglade Jøsnesbuar – målet bør minimum vere ei dobling i deltakartalet !!

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.