Det blei ein finfin skeisedag på Fosstemmen søndag 2 februar. På såpass kort varsel som ei lita notis på nettsida kvelden før, var det flott at over 20 stk møtte opp på den blanke, litt våte isen. Mildværet kom med søndagsmorgengryet, og derfor var det våte pyttar på isen – men ingen hindring!
Har du lyst å sjå koss forholda var og koss lett karane glir over isen ?
http://www.youtube.com/watch?v=tmYf1P1AoOg
Jentene glei også leikande lett over den blanke våte isen.
Også denne karen hadde stålkontroll på stålisen
Vakkert, ikkje sant? Tenk SOLA stakk fram, nesten vindstille og veldig god temperatur, 5-6 varme (fuglane song på veg opp, og dei stakkarane har vel blitt overhørt av stormkasta i mange veker nå – godt å høyre at de framleis kan synge)
Foto: Svanhild H Gbada og Ellen Mari Fosså
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.