…..Rauetødne, Busteidn, Revastien, Presthammarflådå ….ja, alt dette og mykje, mykje meir er lokale stadnamn på Jøsneset. Bildet ovanfor viser døme på eit kart med namnelister som me har mottatt. Me har digitalisert inn mange kartlagde namn, og mange fleire namn fekk me inn på samlinga onsdag denne veka. Det var ein ivrig og kunnskapsrik gjeng som var samla i Trivselstova, og me «tok runden» på kartet med dei me alt har lagt inn – og diskuterte nye lister som kom inn.
Ila kvelden fekk me vel inn ca 100 nye namn (i tillegg til dei 2-300 me alt har fått inn). Stader me fekk inn namn frå nå var Skiftugardane, Skiftuheiå, frå området rundt Døvik og heiområdet mellom Herefjellet og Gunlanuten og ned på nordsida ned mot Erfjorden. Kartet byrjar å bli dekt med namn, men det er enda mange hol, så me tar gjerne i mot fleire namn!!
Me har kopiert opp namnelista som Jon Eiane hadde ført inn i si avhandling «Stadnamn i Jøsenfjorden» – der har Oddvar teke utfordringa å prøve å kartfeste dei namna som gjeld Jøsneset – ev med god hjelp frå andre. Her var det ein god del namn som me ikkje hadde frå før.
Me skal òg få kopiert opp materialet som blei samla inn på 80-talet, så då vil det nok òg auke godt på med namn.
Gjengen som møtte opp på onsdag hadde ein god diskusjon på skrivemåten til namna. Den diskusjonen kjem sikkert til å vedvare, for det er mange meiningar om det, og ein del av det går på kva ein trur er opphavet til namna. Me diskutert òg om det er rett å skrive namna mest mogleg slik de uttalast; altså på dialekt. Eller er det rettare å skrive de om til meir tilnærma nynorsk? Gruppa som var samla på onsdag meinte at ein må prøve, så langt råd og innan rimelege grenser, å skrive de mest mogleg slik de uttalast. Me prøver difor på det framover, og vil samstundes fylle inn ein «rettskrivings-variant» i tabellen: Døme: Tydebærhauen eller Tyttebærhaugen . Årrahauen eller Orrehaugen, Sjiddhåle eller Skitholet. Me prøver nå å skrive namna mest mogleg slik dei blir uttalt (dette med uttale er òg noko som endrar seg over tid, så dette er ikkje enkelt.) Mange namn vil det nok òg vere diskusjon om; både på stadfesting og skrivemåten. Det er berre ein del av kartlegginga, og gjer dette arbeidet artig. Me skal prøve så godt det lar seg gjere å få dette i system, og heller fylle ut i tabellen der det er tvil og andre skrivemåtar. Viktigast er at me får dekka heile Jøsneset med namn – og at desse ikkje går i gløymeboka !!!
Ta gjerne kontakt om de vil ha kart til å føre opp namn på – eller om de veit om nokon som sit på materiale om dette.
Me kjem til å kalle inn til eit nytt treff om nokre veker, så fint viss nokon har noko innan den tid: TA KONTAKT !
Ingeborg 928 50 297 eller Svanhild 97 00 76 36 eller ungdomslaget@josneset.no
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.