På opninga av Norges stand på Grûne Woche i Berlin fekk Mikal Laks overrakt prisen «Spesialitet Unik Smak» av landbruksminister Sylvi Listhaug.» Kvalitet i alle ledd gjør at norsk sjømat står så sterkt og verdsettes over hele verden for sin unike smak. Mikal Laks er en utmerket representant for dette» uttalar direktør i Matmerk Nina SundQuist. Les meir HER. Me på Jøsnessiå gratulerar Mikal og Astrid Fossaa Viga med nok ein pris for røykelaksen sin – me må snart gi dei ein pris for dei er flinke til å bevise at små verksemder i små bygder òg kan nå langt her i verda. Mikal er her avbilda med Sylvi Listhaug og Magnus Skretting Atlantic Halibut i Berlin, fortel Astrid, som sjølv er heime og har det travelt på jobbBravo !!
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.