Ei gladmelding frå fjoset på Bøen: Minni har fått tvillingar andre år på radog det står bra til med «mor og barn» . Her kosar Bambi og Feline seg i garden saman med mor Minni.
«Minni er ei god ku» i følgje bonden sjølv, Silje Sværen. Minni er ei ekte Jøsnes-ku; født på garden i 2006, og sprang sjølv sine lette kalvebein over ekrene på Bøen. Sidan har ho kalva seks gonger, og altså: dei to siste åra har det blitt tvillingar av det !! Bra jobba Minni !
Bambi og Feline stavrar rund i garden med mor på lange tynne bein, og med sine store, runde brune bambi-auger, mjuke øyrer og runde mular, så er dei berre kanon-skjønne.
Her er førstemann kome til verden; heilt «ny-kalva». Dette var før Silje forstod; at jammen kjem det ein kalv til !!
Det er fleire kyr som har kalving på gang i fjoset til Silje for tida, så det er ei travel tid – midt oppi sauesanking, sauesortering og sending til slakt. Godt at det veks i kalvebingen då!!
Alle foto: Silje Sværen
NB: Har du ei lita fin kvardagshistorie som dette, eller andre tips til sida så send inn: ungdomslaget@josneset.no
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.