Regnet har hølja ned over oss denne andre veka i september. Bygene har vore tunge, bygene stått i kø og langtidvarselet fortel om regn, regn, regn. Men INNIMELLOM sprekker skydekket opp, iallefall i små øyeblikk, og me kan få ettermiddagshimlar som denne. Det gjeld om å nyte dei små glimta av godvær
Grønt og frodig blir det i Fossdalen etter all nedbøren……og sjå: skyene ligg på lur over Hjelmeland.
Ein time seinare var himmelen grå og tung igjen, men akkurat dette øyeblikket var vakkert – over Ombofjorden
Og sauene trippar og trekkjer nedover frå heia.
Mykje nedbør gir flotte fossar. Her ved sjølvaste Foss-fossen !
Foto: svanhild hjorteland gbada
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.