Fleire bilder frå Harhausen

Sigurd Opedal frå Stavanger er ivrig heiatravar på Jøsneset, og deltok òg i år på 3-nutstur/Hardhaus, saman med familien sin. Her er det yngstesønn Rick Andrè Opedal og kompisen Aleksander Buer Mikalsen på ein kort stopp på Røssenibben

 


I følgje far Sigurd hadde guttane tatt mål av seg til å slå den uoffisielle rekorden til Eilef på Hardhausen på 3 t 35 min (?) , og som de ser på dette  bildet så var Rick Andre temmeleg travel når han skulle «sjekke inn» på Røssenibben, og ville springe vidare til Valafjellet. Fin «vekslingsteknikk «, må me seie, og stålvilje i blikket.  Men, sukk,  han blei stoppa og «pålagt» pause på Røssenibben (det var sikkert mor og far som blanda seg inn i løpsstrategien dåWink). MEN sjølv med «pålagt pause» på Røssenibben klarte gutane frå Stavanger å  dra heile Hardhausen i mål på under 4 timar. Spreke guttar !! Velkommen til heis igjen neste år !!

Foto: Sigurd Opedal

Til andre deltakarar: send oss gjerne dine foto og dine opplevingar frå 3-nutsturen/Hardhausen til ungdomslaget@josneset.no


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.