Rektor Rasin kan fortelje at arbeidet med den hyper-populære JØSNESPOSTEN er i rute. Storskulen har stått på dei siste vekene med artiklar, fotografering og intervjurundar. Nå er det trykking og distribuering som gjenstår. Skuleavisar kjem ut før 17.mai !!! Elevar vil gå rundt i bygda å selje. Elles blir den å kjøpe på MIXn på Nesvik. Me gledar oss til masse godt Jøsnes- og Jøsenfjorden-stoff; ikkje minst smånyttspalta
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.