Årets vinter har ikkje vore like fin som dei to føregåande. Men innimellom austavind, høljeregn og slapsevær, så glimtar det til med fine stemningsfulle stunder som det gjeld å nyte. Her frå Stien ovanfor Foss der naturen er kledd i sin vinterdrakt.
Sjølv når skyene heng lågt, ja svært lågt, kan det vere stemningsfullt. Her frå Håvehammar ut mot Ombofjorden.
Og innimellom kjem dei gyldne solnedgongane. Her frå Fossmarka ut mot Gardsund og Randøy.
Bildet er tatt 16.30 den 28.jan, så JA !! Dagane blir lengre og lengre
Foto: Svanhild H Gbada.
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.