Bra frammøte på rosekveld

Vår lokale representant i Hjelmeland Hagelag, Elsa Nesvik Altamirano, fortel at ROSEKVELDEN sist veke blei godt besøkt, og dei hadde nok ein trivsleg hagekveld på Jøsneset.  Ca 30 deltakarar, deriblandt ca 10 frå Hjelmelandssida. Det var bra på denne særs forblåste januarkvelden!! Skryt til Hagelaget som «tør» å satse på arrangementer også på nordsida av fjorden, og at dei tiltrekk seg deltakarar frå Hjelmelandssida.Smile

Kveldens tema var ROSER, og foredragshaldaren Odd Haukås ga mange tips både om sortsvalg til ulikt bruk og ulik plassering, og om stell og skjøtsel av roser.
Han hadde òg med seg mange lysbilder som ga inspirasjon. Eit av tipsa: Brenneneslevatn – dette gir både sunn næring til rosene, og forbebygger mot ulike skadedyr.  

Elles blei det tid for triveleg prat, kaffe/kaffemat, åresalg og utlodning av diverse hagerelaterte gevinstar.
Ein triveleg kveld i regi av Hjelmeland Hagelag.

PS: og elles føyer me oss inn i gratulantane sine rekkjer, og gratulerar leiar i Hjelmeland Hagelag Tore Sandvik for Kulturprisen for Hjelmeland 2012.
Han fekk prisen både for sitt mangeårige frivillige engasjement innan idrett, men òg for sitt glødande engasjement for hagebruketKiss

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.