Ei ultralokal bygdeside: det er oss!

Norsk Plan, kommunikasjonsbedrifta i Ryfylke som har designa nettsida vår, kommenterer i sin firmablogg den aukande trafikken på sida vår. Norsk Plan skriv mellom anna :
» Stoffet er ultralokalt, akkurat slikt vi likar å lese om heimplassen vår«.
Ja, me er ultralokaleWink….og det fortset me med: dette er sida der ingenting er for liteSmile

Men dei skriv òg at sida er ein open/alltid tilgjengeleg kanal frå bygda ut  til bygdefolk, skuleelevar, studentar og utflytterar som er interessert i kva som rører seg i Jøsneset. Det skal me òg fortsetje å vere. Vil du hjelpe oss? Send oss tips til ungdomslaget@josneset.no, helselaget@josneset.no og bygdaradet@josneset.no

Heile omtalen om nettsida vår kan du lese i Norsk Plan sin firmablogg.

Og her er atikkelen PILA OPP FOR JOSNESET.NO IGJEN


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.