Klar for SKIKARUSELL

Nå startar vinterens kjekkaste og trivslegaste eventyr: SKIKARUSELLEN 2012!

Set av følgjande datoar:

1. MÅNDAG 30. jan kl 18.00
2. TYSDAG 14. feb kl 18.00
3. ONSDAG 29. feb kl 18.00
4. TORSDAG 15.mars kl 18.00 inkl premiering Smile

SKIKARUSELLEN finn stad i lysløypa ved Gullingenhuset, og er eit kjempekjekt skikarusell-renn først og fremst for barn…og eit av Rogalands største, har me høyrt .  Det vrimlar av barn og vaksne i løypene kvart år; frå Vindafjord, Nesflaten, Suldal, Erfjord, Jøsenfjorden,Hjelmeland….og ja, sjølvsagt plar òg Jøsnesborna vere godt representert. På bildet ovanfor ser me to av Jøsnes-«veteranane» som forøvig går for mottoet «Hald saman» Kiss. Men for dei som kjenner konkurranseinstiktet boblar, er det gode moglegheiter for konkurranse om gode tider i tidtakingsklassen. Og  altså: for dei som heller vil «halde saman» er det trimklasse.

Påmelding med namn, klasse, trim/tidtaking innan 28.jan til ski@suldal-il.no
Les meir på nettsidene til SULDAL IDRETTSLAG.


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.