Flotte panoramabilder over Ryfylke


På reiselivsdestinasjons-sidene RYFYLKE og VISIT NORWAY er det lagt ut fantastiske 360-graders panoramabilder over fleire stader i Ryfylke. Fotografen Pål S Vindfallet Making View AS har flydd luftvegen langs Nasjonal Turisveg, og «stoppa» for å ta spektakulære bilder over eit Ryfylke kledd i blå himmel, blå sjø og irrgrøne jorder. Det er dette Ryfylke me nå drøymer om, midt i den våte, regnfulle mørke vinteren, og det er faktisk dette Ryfylke me har i vente når det vårast. Ryfylkereklame på sitt beste! Det er bilder mot Jøsneset òg; både frå Hjelmeland, Skomakarnibbå og Erfjord.
Klikk på bildet eller linkane så kjem du inn «eventyret» . Klikk vidare på blå fotopunkt i kartet. Det er nesten som å fly ballong!


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.