Til tross for dei særs heftige regnbygene, så måtte berre Solveig og borna på Lønnehaugen driste seg ut i regnet med fotoapparatet i dag. For dei hadde fått auge på ein gigantsopp utanfor huset…..ein sopp med diameter på heile 43 cm !!
Soppen var kvit og hadde ikkje heilt rund form, men var kjempestilig. Her dokumenterer dei med målebåndet at soppen er av det gigantiske slaget.
Men kva sort kan det vere ?? Er det nokon som veit namnet på denne kjempå så tips oss ?
Og er det nokon som kan skryte av å ha funne ei like stor (eller enda større) sopp ?? Nokon betre ??
Det er hittil den største me har registrert her på Jøsnes-sidene iallefall (og det seier ikkje så reint lite)
Solveig fortel òg at akkurat då dei drista seg ut i regnskurane, så hoppa det òg to rådyr forbi dei. Så flott å bu så nært inntil naturen
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.