Dei fleste som er ute og ferdast på vegen mot Nesvik har nok merka gravinga langsmed vegen. Det er kommunen som har sett i gong med vassutbygginga på Jøsneset. Første fase er å forlenge hovudvassledningen frå Mikal Laks og bort til skulen; der det skal etablerast nytt høgdebasseng.
Leiar på Teknisk seksjon Morten Jensås har sendt oss følgjande info om utbygginga:
Dette skal gjerast i haust:
1. Forlenge vannledning frå Mikal Laks til Skulen
2. Nye borebrønnar og høgdebasseng ved skulen (ovanfor ballbingen)
3. Brannkummar
Dette skal gjerast i 2012:
4. Rehabilitering av vegen ned til Skiftun kai
5. Legging av vassledning og trekkerøyr ned til Skiftun kai
6. Vann ut mot Ingjesdalen (ledning/røyr er alt lagt)
(PS: her er vegutbetringa ferdig og vegen er nyasfaltert)
Dette skal gjerast i 2013:
7. Vidareføring av vassledningen mot Knutsvik etc
(PS: punkt 4-7 forutsett at budsjettforslaga for 2012 og 2013 blir vedtatt slik foreslått)
Det legges òg til rette for framtidig trekking av kabel i 2 stk 110Ø mm trekkerør f.eks fiber, strøm, kabler etc.
Vedlagd er òg kart og framdriftsplan for haustens arbeid.
Her finn du PLANKART FOR VASSUTBYGGINGA
Her finn du FRAMDRIFTSPLANEN
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.