Jøsneset helselag vart i vår invitert til å vere med på ein felles søknad frå kommunen om bulystmidlar. I det høvet samla vi saman gode idear som hadde vore lufta tidlegare på Jøsneset, saman med bl.a. Jøsneset bygdaråd og – ungdomslag. For vår del vart det med vidare i søknaden eit ønskje om å skape gode møteplassar ute i naturen. Vi kjem no til å arbeide meir med prosjektet utover hausten, og det vil forhåpentligvis resultere i noko som kan vere postitivt også for Jøsneset. Helselaget er kjempefornøyde med dette og håper innbyggjarane på Jøsneset også blir det Det vart innvilga kr 780000,- til prosjektet «Hjelmeland 24-7»!
Sjå kva som står om prosjektet på kommunen sine heimesider her.
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.