Fyll opp Romania-traileren

ME MINNER OM INNSAMLING AV KLÆR TIL ROMANIA.
LASTEBILEN KJEM FREDAG 16. SEPTEMBER kl 17 – 18.00 v/ JØSNESET BRANNSTASJON.

Inger Apeland frå Suldal er like trufast med INNSAMLING TIL ROMANIA i år som tidlegare haustar. I fleire år har ho stått på og organisert innsamling og transport av klær, utstyr og anna til Romania.  I fjor fekk dei ein SMEKKFULL trailer med fine ting frå Suldalsområdet og her frå Jøsneset. Klarer me å fylle traileren i år òg ??

Inger Apeland skriv:

«Me treng klede, sko, ullteppe, sengtøy, gardiner, kjøkkenutstyr, gryter, garn, stoff, strikke- og sysaker, leiker , ja, alt mogleg. Pakk godt i dobble svarte sekker eller gode øskjer. Ikkje for tunge kolli. Fraktpengar pr kolli kr 40,-  STOR TAKK TIL ALLE !! Inger Apeland 95 10 54 24 eller 52 79 94 14″.

PS: kanskje det er me som skal takke Inger for flott innsats til ein provins i Romania som verkeleg treng klær og utstyr !!

Så folkens: ta skapa fatt og rydd ut alt det du ikkje brukar meir…..men hugs det må vere reint, heilt og orntlig.


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.