Det blei laga eit hjarteleg blomsterminne på Skiftunkrossen for alle berørte i Oslo og Utøya.
Fleire dagar etter at dei første blomane blei lagt ned på ei stille markering, kom òg fleire folk å la ned blomar, lys, helsingar og flagg.
Minnestaden var forma som eit hjarta, og hjarta fylde seg opp. Symbolsk og fint.
Men tida går sin nådelause gong, og minnelysa er nå fjerna, og blomane er visna ned.
Takk for initiativ til markeringa og takk til alle som fylde hjarta med blomar.
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.